Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Skole-hjem samarbeid

Vg1

  • August: Velkomstsamtale
  • September: Foreldremøte
  • November: Utviklingssamtale med foresatte
  • Januar: Karakterprotokoll for signering
  • Februar: Foreldremøte
  • Mars: Utviklingssamtale med foresatte
  • Juni: Karakterutskrift for signering

Vg2

  • September: Foreldremøte
  • November: Utviklingssamtale med foresatte
  • Januar: Karakterprotokoll for signering
  • Mars: Utviklingssamtale med foresatte
  • Juni: Karakterprotokoll for signering

Vg3

  • November: Utviklingssamtale
  • Januar: Karakterprotokoll for signering
  • Mars: Utviklingssamtale
  • Juni: Vitnemål

§ 20-1 Formålet med foreldresamarbeid

Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen, jf. opplæringslova § 1-1 og § 13-3d. Foreldresamarbeid skal ha eleven i fokus og bidra til eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring.

§ 20-4 Foreldresamarbeid i vidaregåande opplæring

Skolen skal halde kontakt med foreldra til elevar som ikkje er myndige etter verjemålslova § 1 gjennom heile opplæringsåret.

Skolen skal i starten av opplæringsåret på Vg1 og Vg2 halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra.

Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til minst ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13.

Foreldra til ikkje myndige elevar skal få munnleg eller skriftleg:

a) varsling om eleven sitt fråværvarsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-7informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter opplæringslova og forskriftanna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving .

Sist oppdatert 18.01.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering